Hopp til hovedinnhold

Kulturhelg i Aurland

Elevane som arrangerte kulturhelga

I faget naturbasert næringsutvikling har elevane på VG3 arrangert kulturhelg i Aurland. Programmet gjekk frå torsdag til søndag og vart ei læringsrik erfaring for elevane, som starta planlegginga allereie i januar.

Budeiebad

Oppvarminga til helga byrja på torsdag med filmen «Smoke Sauna Sisterhood» på Trudvang kino.Deretter følgde fredagen med «budeiebad» på Mariannes bakeri og kafé - på sjølve kvinnedagen. Der leia veterinær og bonde Kristin Ryum samtalen mellom Erna Underdal Skarsbø og Bente Torgersen, som begge har vore budeier i Undredal i mange år, og Anne Karin Hatling frå Skjerdal. Det skorta ikkje på utrulege historiar og kjappe kommentarar den kvelden.

Budeiebad 2.jpg

Frå venstre: Erna Underdal Skarbø, Bente Torgersen, Anne Karin Hatling og Kristin Ryo.        Foto: Gry Tokvam

Både før og etter samtalen spelte Silje Hegg seljefløyte. Seljefløyta, kunne ho fortelja, er ein del av folkemusikken som er knytt til livet på setra. Der brukte ein også lur og bukkehorn, men då i arbeidet – til lokk, kommunikasjon og skremsel. Seljefløyta var derimot rein tidtrøyte og underhaldning.

Silje på fløyta.jpeg

Silje Hegg på seljefløyte. Foto: Magdalene Henriette Thuv.

Kulokk-kurs

Laurdag arrangerte elevane kulokk-kurs på Hopastova med Anja Savic Røed. Begge kursa var fullbooka, og framtidige budeier og bønder lærte lokk i teori og praksis

Kulokk-kurs med Anja Cavik Røed. Foto: Magdalene Henriette Thuv.

Konsert

Utpå kvelden var det også godt oppmøte på konserten med Isak Erikson og Syver Rolandsgard på fele og hardingfele. «Blir det berre gammalt ræl denne gangen også?» blei Syver spurd i forkant av konserten. Svaret var ja! Dei spelte folkemusikk frå Valdres og Ångermanland i Sverige, før dei blei avløyst av Aurland spelemannslag.

Konserten på Marianne's.jpg

Konsert på Marianne's. Foto: Maud Heløe von der Lippe.

'Svolt i Norden'

Avslutninga på kulturhelga var foredraget med geitebonde og sosiolog Olav Randen, som har skrive boka Svolt i Norden. Temaet for foredraget var nettopp matmangel, både historisk og som eit mogleg problem i framtida. Han føreslo sjølvforsyning og fleire folk inn i landbruket som ei løysing på problemet. «Det er ikkje bøndenes problem at Norge ikkje er sjølvberga», sa Randen. «Dei er etterspurd arbeidskraft i andre næringar. Det er ikkje dei det er synd på. Det er det folket som ikkje har mat når ei krise rammar.»

Randen.jpg

Olav Randen. Foto: Maud Heløe von der Lippe.