Vg2-elevane med fordjuping i foredling har hatt ein runde med takkebakst: flatbrød, lefser og potetkake. Kjevlet gjekk så mjølskya sto; å få tynt flatbrød er ein kunst. Lefsedeigen, som var litt seig, vart smurt og bretta til ein lekker kling.
Innimellom var det høgtlesing om bakstekona og hennar kvardag, og elevane innsåg at dei må nok "øve" meir for å komme opp 100 leivar om dagen.
