Søndag 25. oktober og måndag 26. oktober hadde 10 ivrige damer bakekurs med Morten Schakenda i det nybygde eldhuset til Jorunn Heggdal på Håreina i Flåm.
Morten Schakenda, Bakeriet i Lom, hadde ei travel langhelg i Flåm i slutten av oktober.
Først hadde han, laurdag 24.10.2009, Workshop: “Praktisk bruk, baking og matlaging i vedfyrt steinomn” i eldhuset hjå Jorunn Heggdal i Flåm. Dette var ein del av arrangementet Terra Madre Norway.
Dei to neste dagane heldt han bakekurs i det same lokalet. Eit kurs for småskala produsentar som driv med eller skal starta opp med baking i vedfyrt bakaromn. Dette kurset vart arrangert av Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i samarbeid med og med støtte av Kompetansenavet Vest.
Her nokre bilder frå bakekurset 25.-26.10.2009:

